Dei som jobbar i butikkar med et godt utval Sølvkroken-produkt, får ofte teste nyheitene våre før alle andre. Morgan Vikne hjå fiskeutstyrsbutikken Norsk Fletteri i Bergen er ein av dei som verkeleg har teke med seg 2026-snackset ut på heftig fiske!
Ny pilk og raud krok
Nyleg var han ute og fiska ved Marstein. Fisken var lokalisert ved nokre grunntoppar og skaller på rundt 20-30 meters djubde:
– I skråningane nedover desse, ned mot 60-70 meter, så sto det flott og stor vintertorsk, fortel Morgan om fisketuren. I enden av snøret hadde han den nye STORM-pilken i 400 gram. Den kjem med krokar frå BKK Hooks. I tillegg hadde Morgan knytt opp ein raud enkelkrok frå pilkehovudet, dette var ein Octopus Beak i #10 på ein fletta Hollow Core Assist Cord (150 lb), også frå BKK. Den raude kroken agna Morgan med ein makrellstrimmel.

– Smalt skikkeleg!
– Ein god stim med småsei måtte passerast, og den lugga godt den, men det var ikkje den eg var på jakt etter, så eg lot pilken synke vidare då det plutseleg smalt sånn skikkeleg! Den digre torsken gjekk etter småseien som hadde teke treblen, men bestemte seg for å ta makrellstrimlen også! Dermed sette den raude kroken seg godt i munnvika på torsken.
Effektiv rigg
På veg oppover kjempa derfor Morgan både med ein 15,5 kilos torsk og eit par småsei som hang på pilk og opphengarar:
– Det blei ein god kamp, fortel Morgan om den vinterlege draumeopplevinga og fortset:
– Dette var verkeleg ein botnsolid rigg som synte seg å vere heftig effektiv etter stortorsk, sei og andre pelagiske jegerar.
Blyfri pilk
Du finn STORM hjå Norsk Fletteri og i andre butikkar over heile Noreg frå april i år. Pilken er ein blyfri og tradisjonell allroundpilk frå Sølvkroken med saltvannskrok frå BKK Hooks. Her kan du lese korleis du fiskar med STORM.
Alle foto: Morgan Vikne.
Alle lenkene i denne saka går til Nordic Outdoors nettside. Nordic Outdoor er ein norsk distributør som sel til fiske- og sportsbutikkar over heile landet. Selskapet eig og utviklar også Sølvkroken.

